Kort fortalt

NHO fryktar Brexit-kaos

Trur ikkje frihandelsavtalar blir klar i tidsnok.

05.10.2020
NPK-NTB: NHO meiner norske bedrifter må førebu seg på kaos når overgangsordningane etter brexit går ut til nyttår.
Førre veke skreiv NTB at Noreg og Storbritannia sannsynlegvis ikkje rekk å få ein ny frihandelsavtale på plass i tide til at han kan tre i kraft når overgangsordningane etter brexit går ut 1. januar.
I så fall må Noreg klare seg med nødløysingar etter nyttår.
No går NHO ut med eit kraftig varsku til næringslivet. Norske bedrifter må førebu seg på veldig vanskelege forhold, åtvarar Tore Myhre, direktør for internasjonal avdeling.

Publisert: 05.10.2020 13:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24