Kort fortalt
NM-gull til Hellesylt
Ringdal henta heim fleire medaljar.
Marius Rosbach
15.11.2021
Kjøtprodusenten Ole Ringdal på Hellesylt fekk gull i konkurransen om å lage det beste urøykte pinnekjøtet i landet før helga.
Det går fram av resultatlista frå NM i Kjøttprodukter.
Stranda-bedrifta fekk også sølv for sitt røykt pinnekjøt i kåringa som er den største årlege kåringa av julemat. 545 produkt deltok i årets konkurranse, mellom anna heile 65 bidrag i pinnekjøt-klassane.
Publisert: 15.11.2021 15:12
Sist oppdatert: 15.11.2021 15:15