Kort fortalt

Nogva satsar vidare i Molde

Bygger nytt for Nogva Heimdal Propulsion.

Marius Rosbach
12.05.2020
Nogva-konsernet med hovudkontor i Søvika har vurdert å flytte aktiviteten til Nogva Heimdal Propulsion til Sunnmøre. I staden endar dei opp med å bygge nye lokale i Årødalen i Molde.
Nogva Motorfabrikk har dei siste åra kjøpte seg opp i Heimdal Propulsion og eig no 91 prosent av aksjane i selskapet. Selskapet skifta namn til Nogva Heimdal Propulsion i 2017.
Nogva Heimdal Propulsion omsette for nær 30 millionar i siste offentlege rekneskap frå 2018 og fekk eit resultat før skatt på 1,3 millionar.
Konsernsjef Kjell Norvoll meiner det er stort potensiale for dette segmentet framover. Heile Nogva-konsernet omsette for drygt 400 millionar i 2018 med eit resultat før skatt på 52 millionar.

Publisert: 12.05.2020 09:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27