Kort fortalt

Nordfjord Kjøtt trur dei bikkar tre milliardar

Auka omsetning og fleire investeringar for kjøttprodusenten.

08.04.2024

Førebelse rekneskapstal viser at Nordfjord Kjøtt auka omsetninga med kring 250 millionar i fjor, ifølgje Fjordingen.

Lokalavisa for Stryn skriv at omsetninga auka frå drygt 2,5 milliardar til nær 2,8 milliardar kroner.

Driftsresultatet gjekk opp frå 108 til knappe 116 millionar frå 2022 til i fjor, medan resultat før skatt gjekk ned frå 36 til 29,5 millionar kroner.

Dagleg leiar Geir Egil Roksvåg fortel at prognosane for 2024, viser at dei vil omsette for meir enn tre milliardar kroner.

Bedrifta som no har om lag 400 tilsette, har også gjort investeringar for kring 100 millionar. Ny produksjonslinje for hamburgarar er på plass og det same er ei ny linje der koking, pakking og nedkjøling skjer på same stad.

Publisert: 08.04.2024 13:37

Sist oppdatert: 08.04.2024 13:38

Mer om