Kort fortalt

Nordfjord Kjøtt vil kjøpe Otta-slakteri

Roksvåg vil ta kontakt med Nortura.

11.12.2019
Nordfjord Kjøtt i Loen vil ta kontakt med Nortura i eit forsøk på å kjøpe på Otta, melder .
Dagleg leiar Geir Egil Roksvåg i Nordfjord Kjøtt seier til lokalavisa i Stryn at dei har behov for storfekjøtt og at Otta er ein god plassering i høve logistikken. Han legg til at fleire er interessert, men at Nortura har uttalt at dei ikkje vil selje.
NETT NO omtala før helga korleis nedlegginga i Gudbrandsdalen . Roksvåg seier ikkje nei takk til det, men meiner eit kjøp er ei betre løysing.
– Det ville vere mykje betre både økonomisk og miljømessig å slakte på Otta og foredle råvarene der, i staden for å sende dyra til Loen, slakte for så å sende tilbake som foredla varer. Dyrevelferdsmessig er det heller ingen tvil om at kortare transport er best, seier han til avisa.

Les også:


Publisert: 11.12.2019 08:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31