Kort fortalt

Nordland droppar sommartakst på ferjene

Vil hjelpe næringslivet.

22.05.2020
NPK: Nordland fylkeskommune har bestemt seg for å ikkje auke billettprisane på ferjene i sommarmånadane. Fylket vil sånn hjelpe næringslivet, men rekninga kjem på 10 millionar kroner.
Kraftige protestar frå befolkninga gjorde at Nordland fylkeskommune ikkje auka billettprisane på ferjene tidlegare i år. Fylkeskommunen vedtok då å auke prisane i sommarmånadane, sånn at turistane kunne ta meir av rekninga. No droppar fylket denne auken, skriv .
– Vi står i ein spesiell situasjon i Nordland og Noreg som følgje av korona. Dette går spesielt utover næringsliv og reiseliv, som er i ein prekær situasjon. Vi ønskjer å vere ein hjelpar for desse næringane og har derfor vedteke å ikkje innføre sommartakst på ferjene i 2020, seier fylkesråd for samferdsel, Bent-Joachim Bentzen, til NRK.
Utan auken i billettprisar mistar Nordland 10 millionar kroner i inntekter. Men fylkespolitikaren trur dette ikkje vil skape større problem.
– Fylket vil uansett få ein baksmell som følgje av korona og tapte billettinntekter. Eg trur det er viktig at vi skal vere den bidragsytaren som er forventa av oss, forklarer han til NRK.
Næringslivet i Nordland er på si side veldig fornøgd med kuttet, og håper dette vil gjere at endå fleire nordmenn vil bli freista til å ta turen nordover i sommar.

Publisert: 22.05.2020 10:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27