Kort fortalt

Nordmenn handla meir varer i oktober

Detaljhandelen i Noreg hadde ein viss oppgang i oktober, etter tre månader med nedgang.

27.11.2023

Omsetningsvolumet auka 0,6 prosent frå september til oktober, skriv Statistisk sentralbyrå.

– Butikkhandel med sportsutstyr og fritidsbåtar var næringane som bidrog mest opp. Sal av bensin og klede bidrog også opp. Daglegvare trekte mest ned i oktober, etterfølgd av handel med elektriske hushaldsapparat, seier førstekonsulent Edvard Garmannslund i SSB.

Samtidig er ikkje det nok til å hindre at det har vore ein nedgang i detaljhandelen sidan oktober i fjor. Denne nedgangen er på heile 2,5 prosent.

Næringane som sel ulike hushaldsvarer, selde mindre i oktober. Garmannslund forklarer dette med at desse varene ofte blir selde meir når dei kjem på sal – folk kjøper mellom anna kvitevarer og elektronikk under sala i november.

Samla sett har varehandelen auka frå september til oktober, både innan detaljhandelen og «handel med og reparasjon av motorvogner». Tala for detaljhandelen i Noreg liknar på mønsteret i nabolanda våre. Sverige hadde ein nedgang på 1,2 prosent, medan Danmark hadde ein auke på 0,9 prosent.

Oktober-tala kjem etter eit fall på 0,3 prosent i september, og DNB Markets venta på førehand ein nedgang på 0,2 prosent i oktober.

Ekspertar i bankane trur likevel ikkje det vil føre til at Noregs Bank gjer meir for å bremse nordmenns kjøpelyst.

– Det er ingenting i desse tala som får Noregs Bank på andre tankar, kommenterer sjeføkonom Marius Gonsholt Hov i Handelsbanken Capital Markets til Dagens Næringsliv.

Publisert: 27.11.2023 08:54

Sist oppdatert: 27.11.2023 09:12