NPK: Lakseelveeigarar opplever at nordmenn prutar på prisen for å fiske i elvene. Fisketurismen har bestått av kjøpesterke utlendingar, men nordmenn er ikkje interessert i å betale same prisen.
Lakseelveeigarar reknar i år med å miste rundt 10.000 kundar på grunn av koronautbrotet. Elvefiske har vorte milliardindustri, og i år reknar elveeigarane med å tape fleire hundre millionar, skriv .
Elveeigar Knut Munthe Olsen seier det er surt at han no opplever at nordmenn vil prute på prisen for å få lov til å fiske.
– Mange av kundane har gjerne også tapt pengar, så eg kan forstå at dei vil ha det litt billegare. Men det er klart det er litt bittert å måtte gå ned i pris, forklarar Olsen til NRK.
Han legg til at næringa merkar godt at den norske marknaden er mykje mindre enn den internasjonale interessa for elvefiske. Det gjer at elveeigarane må få føye seg etter den nye marknaden.
No håper næringa at fleire nordmenn prøver ut laksefiske og kjøper seg fiskekort.

Publisert: 19.05.2020 11:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27