Kort fortalt

Nordpolen flyttar på seg i rekordfart

Flyttar seg i retning Sibir.

16.12.2019
NPK-NTB-TT: Den magnetiske nordpolen flyttar seg i retning Sibir. Det kan bety trøbbel for fleire – mellom anna flybransjen og canadiarar som vil sjå nordlys.
Forflyttinga skjer bort frå Nord-Canada og i retning mot Sibir i Russland.
Farten på forflyttinga, er den raskaste som har vorte dokumentert på den nordlege halvkula sidan 1500-talet, viser ein ny studie frå USAs Hav- og atmosfæreadministrasjon (NOAA).
På sikt kan forflyttinga føre til utfordringar for fleire satellittsystem.
I ytste konsekvens kan navigasjonssystem som blir brukte av flybransjen og skipsfartsnæringa bli ramma, men forflyttinga kan òg ramme GPS-system brukt i smarttelefonar.
Det kan òg bli vanskelegare å sjå nordlyset frå Nord-Canada.
– Den magnetiske nordpolen vandra sakte bort frå nordlege Canada frå 1950-talet fram til rundt 1990 før den akselererte dei siste 20 åra frå 10 kilometer i året til over 50, seier Ciaran Beggan ved British Geological Survey til Mail Online.
Situasjonen er ein heilt annan for den magnetiske sørpolen, som så å seie har lege i ro dei siste 100 åra.

Publisert: 16.12.2019 08:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31