(NPK-NTB): For tredje år på rad kjem Noreg på andreplass i ei global rangering av likestilling. Igjen er det islendingane som toppar lista.
Likestillingsbarometeret, omtalt av , er gjort av World Economic Forum og tar for seg likestillingssituasjonen i 153 land.
Landa får ein samla poengsum – på mellom 0 og 1 – sett saman av kor mange poeng dei oppnår innan fire område: økonomisk deltaking og moglegheiter, utdanningsnivå, helse og overleving, og dessutan politisk deltaking.
Likestillinga blir målt ut frå ein indeks der 100 prosent er full teljing. På verdsbasis er det 68,6 prosent likestilling. Noreg ligg på 84,2 prosent, berre slått av Island med 88 prosent.
For første gong på tre år går likestillinga i verda framover. No vil det ifølgje VG «berre» ta 99,5 år før kvinnene og mennene i verda er likestilte, mot 108 i fjorårets rapport. Hovudårsaka til betringa er at det i år er fleire kvinner i politikken. Dei utgjer no ein dryg firedel av representantane i parlamenta verda over og har 21,2 prosent av statsrådspostane.
(©NPK)

Publisert: 17.12.2019 09:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31