(NPK): Noreg er det sjette rikaste landet i verda etter småstatane Qatar, Luxembourg, Singapore, Brunei og Kuwait, viser ei ny rangering.
Lista byggjer på tal frå Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet (IMF) og rangerer landa etter kjøpekraftjustert bruttonasjonalprodukt (BNP) per innbyggjar. Kjøpekraftjusteringa kompenserer for prisforskjellane landa i mellom for å gi eit betre bilete av leverstandarden, skriv den svenske næringslivsavisa .
Også etter Noreg på lista er det vesleputtstatane som rår. Dei sameinte arabiske emirata og Hongkong er nummer sju og åtte føre USA og Sveits.
På dei neste plassane på topp-25-lista følgjer Saudi-Arabia, Bahrain, Nederland, Irland, Australia, Austerrike, Sverige, Tyskland, Taiwan, Canada, Danmark, Oman, Island, Belgia og Frankrike. (©NPK)

Publisert: 01.04.2016 15:42
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47