(NPK-NTB): Som venta stemde eit fleirtal i Stortinget måndag ettermiddag for å innføre noregspris på straum.
Avstemminga om noregspris har vorte sett i samanheng med forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett mellom Ap, SV og Sp. I utgangspunktet hadde berre Raudt uttalt at dei ville støtte forslaget.
Først måndag morgon sa Senterpartiet at også dei ville stemme for forslaget frå regjeringa, medan SV sa at dei ville gjere det same først under debatten i Stortinget berre nokre timar før voteringa vart gjennomført.
Noregspris på straum betyr at ein frå 1. oktober skal kunne inngå avtale om kjøpe straum til ein fastpris på 40 øre per kilowattime.
Publisert: 16.06.2025 15:25
Sist oppdatert: 16.06.2025 15:25




