Kort fortalt

Norsk-britisk fiskerisamarbeid

Signerer ny rammeavtale.

30.09.2020
(NPK-NTB): Noreg og Storbritannia signerer onsdag ein ny bilateral rammeavtale for fiskerisamarbeid mellom landa.
Avtalen vil tre i kraft frå 1. januar 2021, skriv Nærings- og fiskeridepartementet i ei .
– Avtalen legg til rette for fiskerisamarbeid om kontroll, lisensiering og forsking. I tillegg gir den partane moglegheit til å avtale gjensidig rett til fiskerisonene til kvarandre og til byte av fiskekvotar, står det i pressemeldinga.
Avtalen blir signert etter eit videomøte mellom fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) og den britiske kollegaen hans George Eustice. Avtalen blir signert i London av Eustice og Noregs ambassadør til Storbritannia Wegger Chr. Strømmen.
(©NPK)

Publisert: 30.09.2020 10:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24