(NPK): Forskingsskipet «Dr. Fridtjof Nansen» ligg til kai i Bergen fordi koronapandemien hindrar det i å vere på tokt utanfor Afrika og Asia. Det kan heller ikkje brukast på oppdrag i Noreg fordi det er finansiert av bistandsbudsjettet. No prøver eigaren Norad å finne ei løysing, skriv Tekfisk.
Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF) har bede Norad «så raskt som mulig vurdere om fartøyet kan leies ut for bruk til forskningsformål i norske farvann».
«Dr. Fridtjof Nansen» er eigd av Norad, medan Havforskingsinstituttet har ansvar for drifta. Fartøyet blir brukt i Nansenprogrammet, som er eit samarbeid mellom havforskinga, Norad og FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO).
Stortingsrepresentant Ruth Grung frå Arbeidarpartiet har stilt eit skriftleg spørsmål til regjeringa om situasjonen, som utviklingsministeren har svart på.
– Alternativ bruk av skipet innanfor norske grenser, og med anna føremål enn det Nansen-programmet har, ville medføre at utgiftene ikkje kvalifiserer som utviklingshjelp, skriv ministeren i svaret sitt.
Ifølgje statsråden er det lite truleg at fartøyet vil vere tilbake i toktverksemd i Afrika og Asia før tidlegast andre halvår av 2021.
(©NPK)

Publisert: 14.09.2020 14:13
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25