NPK-NTB: Norsk laks er friskmeld frå mistanken om å vere årsaka til det nye koronautbrotet i Beijing, melder fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).
Det opplyste fiskeriministeren på ein konferanse onsdag, ifølgje .
Ifølgje nyheitsbyrået Reuters er den kinesiske ambassaden samd i denne konklusjonen. Ingebrigtsen hadde tysdag eit møte med kinesiske diplomatar.
Dei siste dagane har det vorte påvist 137 nye tilfelle av smitte i den kinesiske hovudstaden, 31 av dei det siste døgnet. Fleire supermarknader fjerna måndag laks frå hyllene etter at det vart funne koronavirus på eit skjerebrett for importert laks.
Men sjølv om det ikkje lenger er mistanke om at viruset har kome via norsk laks, kjempar norske sjømatbedrifter mot koronarykta i Beijing, melder .
Avisa South China Morning Post skriv onsdag at Kina har stansa importen av laks frå Europa, og fleire norske sjømatbedrifter melder at dei ikkje får levert produkta sine.
– Vi får rapportar om kanselleringar av ordre av fersk laks til marknaden som følgje av tiltaka for testing av matvarer som no er sette i verk, seier fiskeriutsending Victoria Braathen til NRK.

Publisert: 17.06.2020 12:26
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26