NPK-NTB: Flyselskapa i Noreg vil heller ha påbod om å bruke munnbind om bord på fly enn den løysinga norske helsestyresmakter har bestemt seg for.
Den nye smittevernrettleiaren frå Folkehelseinstituttet (FHI) seier at det beste tiltaket for å hindre smitte om bord er å blokkere alle midtseta for å hindre passasjerar i å sitje for tett. FHI vil ikkje tilrå påbod om bruk av ansiktsmaske, skriv .
Bransjeorganisasjonen NHO Luftfart er usamd i dette, og viser til at andre land i Europa i staden har valt bruk av maske som det mest formålstenlege tiltaket.
Synspunktet blir delt av den internasjonale organisasjonen i luftfarten, International Air Transport Association (IATA), som tysdag gjekk ut og tilrådde munnbind.
– I Noreg har styresmaktene lagt seg på at midtsetet skal blokkerast for bruk, noko dei fleste andre land i Europa så langt ikkje har gjort. Munnbind lèt seg enkelt implementere, og utgjer ifølgje fagfolk i IATA eit godt tiltak som avgrensar smitte, seier administrerande direktør i NHO Luftfart, Torbjørn Lothe.

Publisert: 06.05.2020 10:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27