NPK-NTB: Sidan 2005 har norske matvareprisar auka med 57 prosent. I same periode har prisane i Sverige, Danmark og Finland stige med høvesvis 37, 27 og 26 prosent.
Det viser tal frå
Tala samanliknar prisane på matvarer mellom åra 2005 og 2018. Norske matvareprisar har antakeleg vore mindre påverka av opp- og nedgangstider internasjonalt som følgje av at Noreg ikkje er med i EU, skriv SSB.
Importvernet på norske kjøtt- og meieriprodukt var truleg ei medverkande årsak til den stabilt sterke veksten. I den 13 år lange perioden var det prisane på fisk og kornvarer som steig mest i Noreg.
I perioden 2005 til 2016 steig norske matvareprisar gjennomsnittleg 4,4 prosent i året. I åra 2017 og 2018 bremsa prisauken noko – med høvesvis 0,7 og 1,7 prosent.
– Noreg har stått utanfor EU og har hatt andre marknadsforhold for matvarer enn nabolanda våre. Det har vore ei høg grad av skjerming av kjøttvarer og meieriprodukt i Noreg. Desse varetypane har hatt unntak frå «fri flyt-prinsippet» i EØS-avtalen, opplyser SSB.
– Noreg har dessutan vore i ein gunstigare økonomisk situasjon enn nabolanda på grunn av oljeinntektene, heiter det vidare.

Publisert: 19.08.2019 08:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33