(NPK-NTB): Norwegian har inngått ein avtale med alle regionale helseføretak i Noreg som gjer flyselskapet til førsteval ved pasientreiser på 13 av dei viktigaste innanriksrutene.
Avtalen trer i kraft 1. april og gjeld for fire år. Helseføretaka flyg innanlands i Noreg for om lag 350 millionar kroner årleg, skriv Norwegian i ei pressemelding torsdag morgon.
– Vi er veldig godt nøgde med at Helseføretaka har valt Norwegian for eit betydeleg tal pasient- og tenestereiser, seier salsdirektør Lars Sande i Norwegian.
Eigardirektør i Helse nord Hilde Rolandsen seier at gode vilkår har stor betyding.
– Lågast mogleg reisekostnadar og stor fleksibilitet er svært viktig både for våre pasientreiser og våre tenestereiser, seier ho. (©NPK)

Publisert: 31.03.2016 09:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47