Kort fortalt

Norwegian droppar munnbind

Vil ikkje følgje europeiske råd.

03.06.2020
NPK-NTB: Norwegian har førebels ingen planar om å innføre påbod om bruk av munnbind om bord i flya sine, trass i tilrådingar frå europeiske luftfartsstyresmakter.
18. mai sa både SAS og Norwegian at dei ville innføre påbod om bruk av munnbind, men Norwegian snudde raskt og ombestemde seg, medan SAS krev at passasjerar som skal flyge med selskapet, skal ha munnbind på seg.
20. mai tilrådde europeiske luftfartsstyresmakter bruk av munnbind, men Norwegian følgjer førebels norske råd, skriv
– Vi ventar på oppdatert tilråding frå norske styresmakter, opplyser Norwegians informasjonsdirektør Lasse Sandaker-Nielsen til avisa.
Han peikar på at Norwegian no berre flyg innanlandsruter og dermed steller seg til rettleiingane frå norske styresmakter. Helsedirektoratet har vore klare på at effekten av bruk av munnbind er usikker, og det er derfor ikkje noko norsk påbod.
Direktoratet meiner likevel at viss det blir innført eit påbod, så er det flyselskapa sjølve som må kjøpe inn munnbind for å tilby dette til passasjerane sine.

Publisert: 03.06.2020 11:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26