Kort fortalt

Norwegian gjenopnar mange ruter

Gjenopnar 76 ruter for reiser frå 1. juli.

17.06.2020
NPK-NTB: Reisene gjeld både innanlands og til andre land i Europa.
Gjenopninga er eit resultat av auka etterspørsel frå kundane, samtidig som fleire andre flyselskap allereie har teke opp att flygingar i Europa, heiter det i ei pressemelding frå selskapet.
Meir enn 300 pilotar og 600 kabintilsette frå norske basar vil bemanne 20 fly, noko som inneber at om lag 200 pilotar og 400 kabintilsette kjem tilbake frå permisjon, opplyser Norwegian.

Publisert: 17.06.2020 08:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26