NPK-NTB: Mangel på eigne fly og pilotar fører til problem for Norwegian. I juli hadde dei 6000 forseinkingar og 170 kanselleringar.
– Vi er sjølvsagt ikkje fornøgd med verken regulariteten eller punktlegskapen vi har hatt i juli. No må vi sette oss ned å sjå på kvar det har gått gale i sommar. Det har vore for mange lange forseinkingar og kanselleringar, seier kommunikasjonssjef Lasse Sandaker-Nielsen i Norwegian til .
Dei 6000 forseinkingane er fordelt mellom Norwegian og dotterselskapet. Ifølgje FlightStats hadde Norwegian Air Shuttle totalt 9986 flygingar i juli. 27,7 prosent av desse var forseinka med i gjennomsnitt 45,7 minutt. Det irske dotterselskapet Norwegian Air International, hadde totalt 8742 flygingar. 35,4 prosent av desse var forseinka med i gjennomsnitt 49,7 minutt, og vart Europas tredje mest forseinka flyselskap i juli.
Dermed hadde Norwegian omtrent like mange og like lange forseinkingar som i 2016, då dei også mangla pilotar, skriv Dagens Næringsliv. Også SAS har blitt forseinka i sommar. 22,4 prosent av alle 22.603 registrerte flygingar var forseinka med i gjennomsnitt 38,1 minutt. Finske Finnair var det mest punktlege flyselskapet i Europa.

Publisert: 08.08.2017 09:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41