NPK-NTB-Alexander Vestrum: Norwegian har presentert detaljane for ein redningsplan. Selskapet ser ikkje føre seg normal drift før 2022.
Mellom anna omfattar planen å gjere om opptil 85 prosent av gjelda til eigenkapital. I ei heiter det òg at selskapet planlegg ein emisjon på 400 millionar kroner.
Ifølgje ber flyselskapet leasingselskapa om å redusere krava sine med minst 500 millionar dollar.
Norwegian bereknar ifølgje at dagens aksjonærar vil sitje igjen med 5,2 prosent av selskapet etter at gjelda er gjort om til aksjar – men dette er før emisjonen.
I ein til obligasjonshaldarane ser flyselskapet for seg ein «dvale» i lågsesongen – før ein planlagt auke i høgsesongen 2021. Normal drift er ikkje noko selskapet ser for seg før i 2022.
Det blir halde ei ekstraordinær generalforsamling i selskapet 4. mai, og allereie 30. april blir det halde eit møte med obligasjonshaldarane.
Selskapet jobbar med å oppfylle vilkåra som må til for å utløyse statlege lånegarantiar i Noreg. Norwegian kan få tilgang til opptil 3 milliardar kroner, men må mellom anna få lette i rentene frå kreditorane og sikre seg betre eigenkapital.
Norwegian-sjef Jacob Schram opplyste i ei pressemelding 8. april at selskapet var dialog med obligasjonseigarar og andre kreditorar.
– Vi har òg allereie byrja arbeidet med «Nye Norwegian», og det vil halde fram med full styrke dei neste vekene, sa Schram.
For ei dryg veke sidan kravde fire bemanningsselskap som Norwegian har brukt til å tilsetje pilotar og kabinpersonale i Sverige og Danmark, seg sjølv konkurs.
Selskapet er til liks med resten av flybransjen kraftig ramma av koronakrisa. Passasjertalet for mars var 1,15 millionar, ein nedgang på 61 prosent samanlikna med mars i fjor. 10. mars vart om lag 15 prosent av den planlagde kapasiteten redusert. 16. mars vart kapasiteten redusert med opptil 85 prosent, og frå og med 25. mars vart dei fleste avgangane kansellerte.
Måndag enda Norwegian-aksjen på 5,5 kroner på Oslo Børs, ein nedgang på vel 5 prosent frå sluttkursen fredag. Sidan nyttår har aksjeverdien falle over 85 prosent.

Publisert: 27.04.2020 19:46
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28