Kort fortalt

Ny aksjon på Haramsøya

Stoppa bilar frå Stangeland Maskin.

17.08.2020
I dag skulle anleggsarbeidet på nytt starte opp på Haramsfjellet, men på nytt aksjonerte demonstrantar då bilar frå Stangeland Maskin skulle kome til Haramsøya.
Anleggsarbeidarane vart møtt av demonstrantar på ferjekaia på Austnes klokka 10.25, og ferja tok med seg dei to bilane frå Stangeland tilbake til Skjeltene.

Publisert: 17.08.2020 13:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25