Kort fortalt

Ny app for fritidsfiske

Kan melde inn tapt og funne reiskap.

06.05.2020
NPK: Fiskeridirektoratet har no lansert ein ny app for fritidsfiske. Her finn du reglar om artar og reiskap og kan melde frå om reiskap du har mista eller funne.
Den gamle appen vil snart vere utdatert. Direktoratet har tatt eit bevisst val om ikkje å ta med data frå gammal app over til ny. Dei gamle dataa om mista og funnen reiskap vil vere å finne på fiskeridir.no, saman med visning av data frå ny app.
Hovudtema i den nye appen:
*Finne alle reglar for bruk av fiskereiskap
*Få oversikt over artar og minstemål
*Melde tapt og funnen reiskap
*Melde bifangst av sjøpattedyr
*Finne tapt reiskap i kart

Publisert: 06.05.2020 12:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27