Kort fortalt

Ny byggemetode kan «hermetisere» myr

Kan få stor betydning for ny ferjefri E39.

NPK
02.09.2022
(NPK): Vegbygging i myrområde fører vanlegvis til store utslepp av CO2. No blir det prøvd ut ein ny byggemetode som skal «hermetisere» klimagassane i bakken.

På E6 sør før Mosjøen skal den nye traseen gå over den 3.000 år gamle Kringelmomyra. Her hevdar vegentreprenøren å ha løyst problemet med klimagassutslepp, skriv NRK. Dette kan få stor betyding for mellom anna bygginga av ny ferjefri E39 på Vestlandet, der ein hittil har frykta at fleire hundre karbonhaldige myrar må fjernast, som igjen kan føre til enorme mengder Co₂-utslepp.

Den nye metoden går ut på «hermetisere» myra, slik at klimagassen ikkje slepp ut.

– Myra skal pressast saman til det halve. Dermed blir den stabil nok til at vegen kan leggjast på toppen, fortel Bjørn Kristian Bache frå Noregs Geotekniske Institutt, til NRK.

Kort fortalt går metoden ut på at ein først legg armeringsnett på myra, og deretter eit 75 centimeter tjukt lag med grus. Så ventar ein to-tre veker før ein legg på eit nytt gruslag, og så gjentek ein denne prosessen fleire gonger. Etter kvart blir overskotsvatnet pressa ut, samtidig blir myrmassane pressa ned og konserverte i staden for å sleppast ut, forklarer Bache. Prosessen er tidkrevjande, og massane må liggje i to år før ein byggjer veg på toppen.

Prosjekteringsleiar Hans-Petter Hansen hos entreprenøren Leonhard Nilsen & Sønner (LNS) seier den nye metoden betyr at 90 prosent av karbonet blir liggjande att i myra.

– Dette er nybrotsarbeid. Metoden vil kunne redusere klimagassutslepp betrakteleg. Innsparinga er 8-10.000 tonn karbondioksid. Det svarar til om lag ein milliard kilometer køyrt med personbil eller 3 millionar liter diesel, seier Hansen til NRK.

Nina-forskar Magni Olsen Kyrkjeeide meiner på si side at viss dette fungerer er det ei løysing, men det er likevel ikkje ideelt fordi ein mistar ein del av det biologiske mangfaldet, og får eit naturtap. Ho meiner det er viktig å følgje opp prosjektet for å sjå korleis det fungerer i praksis.

(©NPK)

Publisert: 02.09.2022 14:14

Sist oppdatert: 02.09.2022 16:38