Edgar Sandanger er tiltalte for brot på matlova og skulle opphavleg få saka si opp for retten i mars, men fekk den utsett på grunn av koronaepidemien. No har rettsalane i Søre Sunnmøre Tingret opna igjen og ny dato er 15. juni. Tiltalen er på tre punkt, og er knytt til Sandanger si rolle som dagleg leiar i lakseforedlingsbedrifta Sunsea på Moltutstranda, eit selskap som seinare gjekk konkurs.
I følgje tiltalen nedla Mattilsynet 30. september 2016 forbod mot å selje varer frå selskapet og påla det å kalle tilbake varer som var sendt ut i marknaden.
Det skjedde ikkje, i følgje tiltalen.
I tida før 14. oktober 2016 unnlot Sandanger å kalle tilbake "spiseklare langtidsholdbare produkter produsert fra og med 22. august 2016".
I tidsromet 5. oktober til 13. desember 2016 let han vere å varsle Mattilsynet om i alt 39 prøvesvar som viste funn av listeria-bakteriar i laksen.
Det tredje punktet i tiltalen er at han ikkje ville gi frå seg informasjon ved at han " unnlot han å etterkomme Mattilsynets vedtak av 8. desember 2016, om å gi Mattilsynet full tilgang til samtlige analyserapporter av prøver tatt i virksomheten på produkt- og foredlingsområde/- utstyr.

Publisert: 05.06.2020 21:52
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26