Kort fortalt

Ny fase i koronastrategien til regjeringa

Lettar på nokre av dei nasjonale koronatiltaka.

30.09.2020
(NPK-NTB): Statsminister Erna Solberg (H) meiner at norske kommunar no har betre kontroll på testing og smittesporing og lettar på fleire nasjonale koronarestriksjonar.
På ein pressekonferanse onsdag opplyste ho at dei nasjonale lettane gjeld frå 12. oktober såframt smittesituasjonen ikkje blir forverra.
Blant tiltaka som blir letta på, er den nasjonale skjenkestoppen ved midnatt.
Vidare blir det starta ei forsiktig gjenopning av breiddeidretten, og det blir nokre unntak i forskrifta om einmeterskrav i nokre arrangement. Regjeringa opnar òg for at inntil 600 personar kan vere til stades samtidig på utandørsarrangement, fordelte på grupper på inntil 200 personar.
Det blir òg tilstrekkeleg med eitt ledig sete mellom publikummarar på same seterad.
I juni la regjeringa fram ein plan for korleis den skulle gjenopne Noreg kontrollert, men etter sommaren vart opninga sett på pause. Statsministeren meiner at Noreg no er i ein annan situasjon og kalla lettane ein ny fase i koronastrategien.
– Erfaringane våre frå i haust har vist at vi kan behalde kontrollen og slå ned smitteutbrot lokalt. Derfor meiner vi no at vi kan gå eitt steg vidare i å endre nokre av dei nasjonale smitteverntiltaka. Føresetnaden er at kommunane set i verk strenge tiltak for å få kontroll på smitten, sa Solberg på koronapressekonferansen.

Publisert: 30.09.2020 17:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24