Kort fortalt

Ny forretningsbank for Vestlandet

Satsar når shipping er på botnen.

16.01.2017
(NPK): Næringslivet på Vestlandet blir i desse dagar introdusert for ein nykomling på bankfronten, Nordsjøbanken.
– Vi har møtt veldig stor interesse, og det ser ut til at næringslivet langs kysten har behov for ein bank som kan ta avgjerdene lokalt. Vi skal vere ein bank som kan dei fleste næringane på Vestlandet, og vil ha kundar frå mange bransjar, seier Christian Ravnå, som blir administrerande direktør i det som skal heite Nordsjøbanken, til Bergens Tidende.
Planen er å hente inn 400 millionar kroner den komande månaden for å få banken i sving. At det er dårlege tider i oljesektoren, meiner Ravnå er ein situasjon dei kan snu til ein fordel.
– Nettopp fordi vi no er i botnen av ein syklus trur vi tidspunktet er rett. Fleire melder om at det går betre. Det gjeld også i delar av shippingmarknaden slik som i bulk, seier Christian Ravnå til avisa.
Banken skal ha hovudkontor i Bergen og nedslagsfeltet vil vere frå Sunnmøre til Agder. Planen er å ha 12 medarbeidarar i Nordsjøbanken når dei startar opp i midten av 2017.

Publisert: 16.01.2017 13:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43