(NPK): Den nye pre-såkornordninga der gründerar får rentefrie lån frå Innovasjon Noreg, ser ut til å vere til god hjelp for gründerar i startgropa.
Gjennom pilotordninga har Innovasjon Noreg bidrege med 26 millionar kroner, samtidig har ordninga løyst ut 40 millionar kroner i privat kapital til gründerane, opplyser Nærings- og fiskeridepartementet. Til no har i alt 20 selskap i oppstartsfasen fått pengar gjennom ordninga.
Pre-såkornordninga fungerer slik at pengane frå Innovasjon Noreg skal investerast i oppstartsbedrifter og matchast med eit minst like stort beløp, fortrinnsvis frå forretningsenglar. Forretningsenglar er privatpersonar som investerer eigne pengar og kunnskap i nystarta selskap. (©NPK)

Publisert: 13.05.2016 09:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46