Kort fortalt

Ny kompensasjonsordning for lærlingar

Ordninga trer i kraft straks.

03.04.2020
NPK-NTB: Lærlingar på dei lågaste satsane får 100 prosent kompensasjon dersom dei mistar lærlingplassen eller blir permitterte.
Den mellombelse ordninga gjeld både permitterte og andre lærlingar som mistar lærlingplassen.
Lærlingane får ein kompensasjon på 100 prosent av lønn opp til 12.482 kroner per månad, og 62,4 prosent av lønn over dette, opp til 49.929 kroner. Kompensasjonen blir rekna ut frå lønna lærlingen hadde ved permisjon eller opphøyr av lærlingplassen.
For å få tilgang til ordninga må lærlingane søkje om dagpengar hos Nav på vanleg måte.
– Dei kan nytte seg av løysinga for forskotsutbetaling av dagpengar frå 20. april, slik at dei som ikkje har høve til å vente på lang saksbehandling hos Nav, raskt kan få delar av summen inn på konto, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H).
Ordninga trer i kraft straks og vil få verknad frå 20. mars.

Publisert: 03.04.2020 13:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28