NPK-NTB: Kulturminister Trine Skei Grande vil gi redaktørar eit utvida rettsleg ansvar for innhaldet medium publiserer.
Dei nye reglane er fremma i eit som vart lagd fram fredag.
– Desinformasjon, hatefulle ytringar og andre utviklingstrekk truar den opne og frie samfunnsdebatten som demokratiet vårt bygger på. Redaktørstyrte medium som vi kan ha tillit til, er her ein viktig del av forsvarsverket, seier kulturminister Trine Skei Grande (V) i ei pressemelding.
I lovforslaget får redaktøren eit utvida rettsleg ansvar for innhaldet som blir publisert i media. Men også andre som medverkar til publiseringa, er ifølgje lovforslaget ansvarlege etter dei alminnelege reglane i lova.
Norsk Redaktørforening og Mediebedriftenes Landsforening (MBL) har tidlegare markert at dei aller helst ville sett ei såkalla eineansvarsordning, der redaktørane åleine har det juridiske ansvaret for publiseringar.
Men desse innspela har ikkje vorte tatt til følgje i det ferdig utforma forslaget, skriv .

Publisert: 06.12.2019 15:53
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31