NPK-NTB: Permitterte personar som ventar på lønskompensasjon frå Nav, kan søkje utan hjelp frå arbeidsgivar frå og med onsdag.
Det skriv nettstaden . Som følgje av koronakrisa vart det bestemt at permitterte arbeidstakarar skulle få ekstra stønad gjennom auke i dagpengar og ein eigen lønskompensasjon, utbetalt av Nav.
For å få lønskompensasjonen har det fram til no vore eit krav at arbeidsgivarar rapporterer inn opplysningar om dei permitterte.
Onsdag har det likevel kome ei ny løysing på plass, som sikrar dei permitterte pengane utan å måtte ha hjelp frå arbeidsgivar.
– Gjennom dagen vil det vere mogleg å søkje sjølv om arbeidsgivar ikkje har rapportert inn permisjon og inntekt til Skatteetaten. I tillegg jobbar vi no med å lage eit søknadsskjema på papir for arbeidstakarar som ikkje er digitale, seier Yngvar Åsholt, beredskapsleiar i Nav til nettstaden.

Publisert: 22.07.2020 16:26
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25