Ny metode for å finne lakseluslarvar
Forskarar nytta spesielt lys.
– Vi har på ein måte slengt masse nåler i høystakken, og så har vi klart å finne dei igjen, seier forskar Rasmus Skern-Mauritzen i ei sak på nettsidene til Havforskingsinstituttet.
Prosjektet Fluorolice der ein jobbar for å finne enklare metodar å identifisere lakseluslarvar har gått føre seg over fleire år og vart nyleg avslutta.
Sjølv om det er mykje luselarver i sjøen, er det vanlegvis færre enn éin larve per kubikkmeter vatn. I den same kubikkmeteren er det til gjengjeld tusenvis av andre planktonorganismar. Det har difor vore nesten umogleg å telje lakseluslarver i sjøvassprøver.
Forskarane har gjennom prosjektet sett på talet lus på fisk i staden for å telje det faktiske talet på larver i sjøen. Men det har avgrensa kva for nokre forskingsmessige spørsmål ein kunne svare på.
– Metodisk kan du seie at vi har stanga hovudet i veggen i lang tid, seier Skern-Mauritzen.
Men no har forskarar funne ein måte som fungerer. Ved hjelp av såkalla fluorescerande lys blir lakseluslarvane nesten sjølvlysande.
Det forskarane i praksis gjer, er å klargjere vatnet med lys som har spesiell bølgjelengd. Når lyset treffer lakseluslarvane, lyser dei opp. Det blir nesten som om dei har på seg refleksvestar, medan dei fleste andre planktonartane held fram med å vere mørke. Det finst eit fåtal andre artar som også lyser opp, men dei er enkle å skilje frå lakseluslarvane.
– Dette gjer jobben til forskarane mykje enklare, seier stipendiat Cameron Thompson, som har vore primus motor i det praktiske utviklingsarbeidet.
(©NPK)
Publisert: 01.11.2021 11:47
Sist oppdatert: 01.11.2021 11:49