Kort fortalt

Ny Nav-blemme

Fleire har mista fedrekvoten urettmessig.

21.08.2020
NPK-NTB: Fleire fedrar kan urettmessig ha fått avslag på søknaden sin om betalt fedrekvote. No innrømmer Nav at avslaga er gitt på feil grunnlag.
Ifølgje har eit ukjent tal fedrar – og nokre mødrer – mista 15 vekers lønna fedrekvote på grunn av ein feil hos Nav.
Avslaga vart gitt fordi Nav ikkje hadde fått opplysning om inntekta til brukarane frå arbeidsgivar innan fristen. Nav meinte dermed at dei som hadde søkt ikkje hadde oppfylt kravet om opplysningsplikt.
Men denne tolkinga har møtt motstand hos Trygderetten, som har uttalt at Nav ikkje utan vidare kan skyve ansvaret for saksopplysningar over på søkjaren, og at Nav har eit sjølvstendig ansvar for å opplyse slike saker.
Likevel har Nav halde fram å gi avslag sjølv etter denne fråsegna. Saka har dermed likskapstrekk med skandalen rundt EØS-lovgivinga, der nettopp den manglande oppfølginga av avgjerder frå Trygderetten har vore sentralt.

Publisert: 21.08.2020 08:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25