Kort fortalt

Ny norsk sjømatrekord

Sjølv med ein månad igjen av året, er det sett ny eksportrekord for sjømat. Høg laksepris er hovudforklaringa.

06.12.2013
Hittil i år er det eksportert sjømat for over 55 milliardar kroner. Det er 15 prosent meir enn på same tid i fjor,og rekordtala frå 2010 er også slått. Dette viser ferske tal frå Norsk Sjømatråd. Høg pris på laksen trekkjer opp. Det same gjer auka eksportverdi for sild og saltfisk, medan makrell og klippfisk trekkjer ned. Les meir

Publisert: 06.12.2013 06:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22