(NPK-NTB): Noreg eksporterte sjømat for 7,4 milliardar kroner i mars. Det er ein auke på 14 prosent frå same månad i fjor.
Samla sett vart det eksportert sjømat for 21,3 milliardar kroner i første kvartal i år, opp 22 prosent frå første kvartal i fjor, viser tal frå Noregs sjømatråd.
– Det går godt for dei fleste sektorane i sjømatnæringa, men det er laksen som bidreg sterkast til verdiveksten i første kvartal med ein verdiauke på 2,3 milliardar kroner, samanlikna med første kvartal i 2015, seier Geir Håvard Hanssen, kommunikasjonsdirektør i Noregs sjømatråd.
– Den positive utviklinga kjem av høgare priser og auka etterspørsel, godt hjelpt av ein gunstig valutasituasjon for den norske krona, seier han.
Det vart eksportert laks for 13,4 milliardar kroner i første kvartal. Det er ein auke på 21 prosent frå første kvartal i 2015. I mars månad vart det eksportert laks for 4,9 milliardar kroner, opp 18 prosent frå mars i fjor.

Publisert: 05.04.2016 15:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47