Kort fortalt

Ny redaktør i Bygderadio Vest

Knut Arne Høyvik tek over.

17.06.2020
Den tidlegare skipperen, fiskarlagstilsette og lokalpolitikaren Knut Arne Høyvik tek over som ansvarleg redaktør i Bygderadio Vest.
Det skriv
Høyvik bur på Haddal, og tek over etter Paul Sundnes, som har vore redaktør frå 2011. Før det var Arne Grimstad redaktør.
Høyvik har i lengre tid hatt ei kåseriserie på radioen, ein serie kalla 'Knut Arnes skråblikk'.
Bygderadio Vest er ein dugnadsbasert lokalradio for dei sju kommunane på søre Sunnmøre.

Publisert: 17.06.2020 09:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26