Kort fortalt

Ny rekord for Møre Trafo

Sykkylven-bedrifta mot nye høgder.

04.10.2023

Møre Trafo i Sykkylven sette ny omsetningsrekord for ein månad i september.

Det melder bedrifta på sine heimesider.

Sykkylven-bedrifta går så det susar og har allereie passert rekordomsetninga frå 2022 på 573 millionar kroner. Ved utgangen av september var inntektene oppe i 591 millionar.

Sjølv om ordreinngangen er redusert til 311 millionar, merkar dei stor etterspurnad etter produkta deira. NETT NO omtala nyleg korleis dei har justert budsjetta etter storkontrakt og planlegg ny fabrikk.

Publisert: 04.10.2023 17:24

Sist oppdatert: 04.10.2023 17:24

Mer om