Kort fortalt

Ny rekord i sparing i fond

Kvinner på topp.

23.06.2020
NPK-NTB: Nordmenn sparer i verdipapirfond som aldri før, koronakrisa har ikkje dempa iveren. Delen nordmenn som sparer i fond, har auka med 4 prosentpoeng frå i fjor.
Det er kvinnene som står for den største auken, melder Verdipapirfondenes forening.
Ei undersøking foreininga har gjennomført viser at 40 prosent av alle nordmenn har pengar plasserte i verdipapirfond.
Det svarar til rundt 1,7 millionar nordmenn over 18 år og er den høgaste delen sidan den årlege målinga starta i 2001.
Tre av fire av dei spurde svara at dei har halde fram å spare under koronakrisa.

Publisert: 23.06.2020 14:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26