Dimo Madeleine Brandal Stian Garnes Foto Marius Rosbach 11
FULLT PÅ LAGER: Innkjøpssjef Madeleine Brandal og dagleg leiar Stian Garnes med nesten ferdige leveransar på lageret hos bedrifta på Hareid. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Små tuer veltar store lass

Store ordremengder kombinert med mangel på elektroniske komponentar, gir utfordringar for Dimo.

Marius Rosbach
29.12.2022

Dei siste åra har det gått så det susar for Hareid-bedrifta Dimo. Ikkje minst takka vere suksessen med støysvake hydrauliske krafteiningar, har dei fleirdobla inntektene og levert solide overskot.

No «stangar dei i taket» fordi det er vanskeleg å skaffe elektroniske komponentar til å ferdigstille alle ordrane.

– På stort sett all elektronikk har det blitt kjempelange leveringstider. Men også heilt enkle «dippeduttar» som vi tidlegare har fått på dagen, har vorte meir problematisk å få tak i, fortel dagleg leiar Stian Garnes.

Denne artikkelen har tidlegare blitt publisert i NETT NO-magasinet, og er open også for ikkje-abonnentar. Les heile magasinet her.

Bevisst på å ikkje hamstre
Allereie våren 2022 kunne Dimo-sjefen fortelje at problema var merkbare. Eitt grep blei å auke varelagera for å sikre seg.

Samtidig fortalde Garnes at dei var bevisste på å ikkje forsterke utfordringane ved hamstring – og at dette var eit tema som blei diskutert med leverandørane.

Eit halvår etter kan Garnes fortelje at «dei har klart seg greitt», men at det har vore alt anna enn enkelt.

– Vi har hatt kjempestore utfordringar med rekordmykje å gjere. Sjølv om vi har eit stort varelager, har det blitt problem å få tak på ting vi tidlegare tok for gitt var tilgjengeleg, seier han.

– Utsette leveransar og etterslep

Konsekvensen har blitt leveransar som er nesten ferdige, og som blir ståande i påvente av at dei siste delane skal bli leverte.

– Ofte er det småting på kvart prosjekt. Det har gitt utsette leveransar og etterslep på ting som skulle ha vore levert, seier han.

Når dei ikkje får starta på nye oppdrag gir det også utfordringar med kontantstraumen.

D Imo HPU Foto Marius 11
SUKSESS: Slike krafteiningar som mellom anna kan brukast til å løfte og senke baugportane på ferjer, er ei viktig årsak til veksten hos Dimo. Foto: Marius Rosbach

Bygger nytt for å vekse
Dimo hadde allereie eit solid varelager då leverandørkjeda blei utfordra i kjølvatnet av pandemien.

No har dei flytta ein del nesten ferdige prosjekt til andre plassar. Samtidig har bedrifta planar om setje opp eit nytt bygg på 2.000 kvadratmeter, mellom anna for å utvide lagerkapasiteten.

Då vil dei også utvide serviceverksemda på Hareid, i tillegg til at dei får ny kantine og kontor. Og Garnes kan forsikre at leverandørkrøllet ikkje har ført til at dei har lagt vidare vekstplanar på hylla.

Denne artikkelen har tidlegare blitt publisert i NETT NO-magasinet, og er open også for ikkje-abonnentar. Les heile magasinet her.

Publisert: 29.12.2022 05:00

Sist oppdatert: 29.12.2022 13:47

Mer om