Dimo Madeleine Brandal Stian Garnes Foto Marius Rosbach 11
FULL PÅ LAGER: Innkjøpssjef Madeleine Brandal og dagleg leiar Stian Garnes hadde flust av nesten ferdige leveransar på lager i fjor. No flyttar Hareid-bedrifta snart inn nybygg som gir betre plass. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Bråbrems på oppdrett – boom i offshore

Etter lakseskatten kom på bordet har Dimo hatt éi skarve ordre frå oppdrett. I offshore er det full gass.

Marius Rosbach
14.09.2023

Dimo ligg an til eit godt nytt år, sjølv om det er tøffare enn før å halde fram veksten. Hareid-bedrifta har ei rekke produkt, men har ikkje minst opplevd stor salsauke på ei energieffektiv og støysvak hydraulikkløysing kalla Dimo Eco Power Unit.

Etter at dei slo gjennom på ferjemarknaden, tok dei steget over på fiskebåtar og merka i fjor auka etterspurnad til brønnbåtar og servicebåtar innan oppdrett.

Det tok brått slutt då regjeringa i fjor haust la fram forslag om grunnrenteskatt på oppdrett – den sokalla lakseskatten.

Berre éi ordre frå oppdrett
Tidlegare kom gjerne kring 30 prosent av omsetninga til Dimo frå oppdrettsbransjen. No er det tilnærma null.

– Det segmentet fekk til dei grader eit skot for baugen etter forslaget om lakseskatt blei lagt fram. Sidan då har vi berre hatt ei ordre, seier Dimo-sjef Stian Garnes til NETT NO.

Det er litt meir aktivitet i marknaden no, men framleis kjem det ikkje inn nye ordrar.

– Eg trudde det ville losne i løpet av sommaren, men det er tydeleg på dei store aktørane at det sitt langt inne å sette i gong att med dei investeringane dei hadde planar om, seier han.

Vekst på olje- og offshore
I staden har Dimo snudd seg mot andre marknader for å sikre at ordreinngangen held seg oppe. Då har olje- og offshorebransjen vist seg å gi ei solid auke.

– Der skjer det veldig mykje. Det dreiar seg ein del om havvind, men også i den tradisjonelle oljebransjen er det enorme investeringar som skal gjerast, seier Garnes.

– Det har berga oss og gjort at vi har fått inn ein god del nye ordrar, legg han til.

Dimo nybygg september 2023 foto marius rosbach 11
NYBYGG: Dimo vil i løpet av hausten ta i bruk det nye bygget til høgre i bilde. Her kjem lager, kontor og servicefunksjonar. Foto: Marius Rosbach

Rekordhøg omsetning trass utfordringar
Som NETT NO fortalde i fjor, fekk Hareid-bedrifta utfordringar med å skaffe elektroniske komponentar til å ferdigstille alle ordrane.

– 2022 vart likevel eit ganske greitt år, sjølv om vi hadde problem med å få tak på komponentar og ein del prosjekt blei utsett, seier Garnes.

Omsetninga i fjor vart rekordhøg og enda på drygt 156 millionar kroner (sjå tabell under).

– Fordi vi hadde så mykje problem, venta vi eigentleg ikkje å nå så høg omsetning, legg han til.

Også lønnsemda haldt seg på same nivå i 2022 som dei tidlegare åra – med ein resultatmargin på godt over 10 prosent.


(saka held fram under)

Dimo
Tal i mill. kroner2022
2021
Driftsinntekt
156,4
144,3
Driftsresultat
17,5
19,9
Resultat før skatt
18
19,6

Flyttar snart inn i nytt bygg
Etter fleire år i vekst, har Dimo behov for meir plass. I fjor tok dei til med å sette opp eit nybygg på 2000 kvadratmeter på nordsida av dagens bygg. Overflatebehandling av golv og litt elektroarbeid er alt som står att, før dei kan ta fatt på flytteprosessen.

– Vi er klare til å kome oss over i noko større ganske kjapt, seier Garnes og fortel at målet er å vere i drift i nybygget i løpet av november.

I nybygget kjem lager, kontor og servicefunksjonar. Ei anna Hareid-bedrift, HS Rise Bygg, har totalentreprisen på det 77 meter lange og 25 meter breie bygget.

Publisert: 14.09.2023 09:16

Sist oppdatert: 14.09.2023 09:54

Mer om