Kort fortalt
Ny Rem-kontrakt
Meir arbeid for Rem Trader
11.01.2023
Rem Offshore-skipet Rem Trader har fått fire månaders kontrakt, pluss opsjonar, for arbeid med vindinstallasjonar for det nederlandske selskapet Van Oord. Det opplyser skipsmeklaren Westshore.
Arbeidet skal starte 31. januar. Rem Trader er ein ti år gamal indiskbygd PSV med ein dekkskapasitet på 1.000 kvadratmeter.
Fram til oppstart har Rem Trader spot-kontrakt med Repsol UK.
Kontraktsverdi er ikkje oppgitt på Van Oord-avtalen, men med Repsol UK er spotpris 4.750 britiske pund i døgnet.
Publisert: 11.01.2023 10:02
Sist oppdatert: 11.01.2023 11:19