Fredrik remøy rem offshore foto marius 11
SJEFSSKIFTE: Fredrik Remøy har leia Rem Offshore sidan 2018. Han har varsla styret om at han går av, og sit i stillinga inntil styret har funne ein erstattar. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ventar rekordår neste år

Fredrik Remøy i Rem Offshore spår rekordinntekter - og går snart av som toppsjef.

- Vi vil ha rekordomsetning neste år, seier Remøy.

Det betyr også auka lønsemd for reiarlaget, som i dag har 18 fartøy i drift og ytterlegare to skip for vindkraftmarknaden under bygging hos Vard.

Medrekna dei to fartøya under bygging har reiarlaget tre fartøy for vindkraftmarknaden, to subsea-skip (som blir brukt til operasjonar på havbotnen), to seismikkskip og resten plattformforsyningsskip.

Ocean
NY I FLÅTEN: Myklebust Verft-bygde Ocean Star blei kjøpt tidlegare i år. Foto: Myklebust

Rater som i 2007
No ser Remøy vekst i ei rekkje oljemarknadar; i Midt-Austen, Vest-Afrika, Mexicobukta og Brasil. Det vil vere med på trekkje skip ut av marknaden i Nordsjøen og til marknadane med aukande etterspørsel andre stadar i verde.

- Det vil ikkje forundre meg om 20-30 skip forlet Nordsjøen neste år, seier han.

Eg trur spotmarknaden blir veldig sterk
Fredrik Remøy

Det vil gi rater på utleige av skip på 10-12 månadar lange kontraktar som marknaden ikkje har sett sidan 2007, rundt 300.000 kroner dagen, meiner han.

Også skip som blir blir leigd ut på kortvarige oppdrag vil gi gode inntekter.

- Eg trur spotmarknaden blir veldig sterk, seier Remøy.

Planlegg sjefsskifte
Samstundes som Remøy fortel om gode utsikter for offshorereiarlaget ,fortel han også at han går av som toppsjef, ei stilling han har hatt sidan 2018.

Å pendle mellom heimen i Oslo og Fosnavåg har blitt vanskelegare enn det var, seier han til NETT NO.

Han held fram i stillinga til styret har funne ein ny toppsjef til offshorereiarlaget.

Dette er Rem Offshore

Reiarlaget frå Herøy har ei historie som går tilbake til 1990-talet, då Åge Remøy som ein av fleire brør, starta for seg sjølv.

Dagens selskap er likevel ikkje eldre enn seks år, etter at det førre Remøy-reiarlaget blei slukt av Solstad Offshore i 2016.

Åge Remøy starta opp att saman med sine to samarbeidspartnarar gjennom mange år, Thorsteinn Mar Baldvinsson, Magnus Roth.

Planen frå starten av var å byggje opp eit nytt offshoreselskap med base nord for Stad etter at Skudenes vart hovudbase både for Farstad Shipping og tidlegare Rem Offshore.

Saman har trioen bygd opp det nye reiarlaget jamt og trutt, og har i dag 2o skip i flåten, etter at dei i sommar kjøpte to PSV-ar frå Atlantic Offshore.

Sonen til Åge, Fredrik Remøy, har leia selskapet dei siste åra.

Thorsteinn Magnus Aage
INVESTOR-TRIO: Thorsteinn Mar Baldvinsson, Magnus Roth og Åge Remøy har samarbeida i ei årrekke og bygd opp eit nytt reiarlag etter Solstad-kampen. Foto: Kjetil Haanes

Høg terskel for nybygg
Terskelen for å bygge nye skip har også blitt mykje høgare enn den var inntil oljeprisfallet i 2014 utløyste krise for offshorereiarlaga.

- Kostnadene med å bygge har auka 80 prosent, seier Remøy.

Det har også blitt vanskelegare å få finansiering og lån er også blitt dyrare.

Rem Offshore er likevel eit reiarlag som vurderer fleire skip, anten ved å kjøpe brukt eller bygge nytt, ifølgje Remøy.

Publisert: 16.12.2022 11:52

Sist oppdatert: 17.12.2022 00:50

Mer om