Lars Conradi Andersen
NY JOBB: Lars Conradi Andersen slutter i jobben som verftssjef etter om lag eitt år, for å bli leiar i Rem Offshore. Her eit bilde frå då Andersen var salssjef i Hav Group. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Går frå Myklebust til Rem Offshore

Ny jobb for Lars Conradi Andersen.

Marius Rosbach
02.01.2023

Lars Conradi Andersen har valt å seie opp stillinga si som dagleg leiar i Myklebust Verft.

Det opplyser Sande-verftet i ei pressemelding måndag.

Tek over etter Fredrik Remøy
Bakgrunnen for oppseiinga er at Andersen har takka ja til jobben som ny dagleg leiar i reiarlaget Rem Offshore.

Som NETT NO omtala nyleg, har Herøy-reiarlaget vore på utkikk etter ein etterfølgjar etter Fredrik Remøy, som har ønska å trekke seg.

Andersen er også svigersonen til reiar Åge Remøy.

I gong med å finne nye leiar
Andersen skal halde fram i jobben som verftssjef ved Myklebust ut mars månad for å sikre ein god overgang. Styret på verftet er i gong med å finne ein ny leiar.

- Lars Conradi Andersen har saman med dei tilsette på Myklebust vore ein viktig del av snuoperasjonen siste året, for å gjere både eksisterande og nye prosjekt lønnsame, uttaler styreleiar Per-Christian Kroepelien Lillebø – og legg til at verftet no er godt posisjonert både finansielt og i marknaden.

Publisert: 02.01.2023 14:32

Sist oppdatert: 02.01.2023 16:50

Mer om