NPK-NTB: Helsedirektoratet har utarbeidd ein rettleiar for heimekontor og korleis arbeidsplassar bør leggjast til rette for å redusere smitterisiko.
Heimekontor er eit viktig tiltak for å redusere kontakt mellom personar både på arbeidsplassen og på reisa til og frå ved bruk av offentleg transport, skriv .
Dei har òg laga ei liste med for bruk av heimekontor.
Der heiter det mellom anna at heimekontor berre bør nyttast der verksemda kan halde oppe eit kvalitetsmessig godt tilbod ved hjelp av digitale løysingar. Arbeidsgivar bør òg ta omsyn til behovet til dei tilsette for å reise med offentleg transport og vurdere om det kan tilbydast alternativ transport som til dømes syklar eller auke talet på parkeringsplassar.
Det bør vurderast heimekontor for tilsette i risikogrupper, dei som har milde symptom eller er i karantene, heiter det òg.
Helseminister Bent Høie (H) sa på pressekonferansen til regjeringa måndag at han har forståing for at folk er lei heimekontor, men understreka at dette framleis er eit viktig tiltak for å redusere kontakt mellom menneske.

Publisert: 19.05.2020 07:54
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27