Tomislav Debeljak tingretten Foto Marius Rosbach
SAKSØKT: Eigaren av dei tidlegare Kleven-verft-selskapa, Tomislav Debeljak (t.h.), er saksøkt for eit tresifra millionbeløp. Kroaten blei frifunne i tingretten. Foto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Omkamp etter Kleven-konkursane

Ny rettsrunde i søksmålet mot tidlegare verftseigar.

10.05.2024

Ankesaka i søksmålet mot eigaren av det tidlegare Kleven-verftet, kjem opp i Gulating lagmannsrett neste år, melder NRK Møre og Romsdal.

Saka er sett opp 13. til 25. januar.

Konkursbuet etter fleire verftsselskap som gjekk over ende, har saksøkt den tidlegare eigaren Tomislav Debeljak for eit tresifra millionbeløp.

Den kroatiske forretningsmannen blei frifunne i tingretten, og konkursbuet varsla allereie i desember i fjor at dei ville anke.

Debeljak vart krevd for opptil 136 millionar kroner. Også forsikringsselskapet Tryg som hadde teikna styreforsikring for Debeljak, var saksøkt. Dommen la i stor grad skulda på bankane for tapa som oppstod, og meinte dei hadde andre alternativ enn å seie opp låneavtalane med verftsselskapet.

Alt om Kleven-konkursane

Publisert: 10.05.2024 11:24

Sist oppdatert: 10.05.2024 12:19

Mer om