Tomislav Debeljak tingretten Foto Marius Rosbach 11
TINGRETTEN: Tomislav Debeljak under rettssaka i Bergen i november. Torsdag kom dommen som frifinner kroaten i søksmålet på 136 millionar kroner frå konkursbuet. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Er open for nye investeringar i Norge

– Vi gjorde vårt beste for å lukkast, seier den tidlegare Kleven-eigaren etter frifinninga.

Marius Rosbach
01.12.2023

Den kroatiske forretningsmannen Tomislav Debeljak har i lengre tid hatt eit betydeleg millionkrav mot seg frå bustyret etter Kleven-konkursane.

Torsdag kunne han senke skuldrane, etter at Hordaland tingrett frifann den tidlegare verftseigaren.

Dommen er ikkje rettskraftig og bustyrar Bjørn Åge Hamre, fortalde til NETT NO etter dommen fall, at dei vil vurdere å anke.

Var aldri i tvil om utfallet
Etter dommen har NETT NO stilt fleire spørsmål til Debeljak via ei meldingsteneste. Kroaten har svara på engelsk og beden om at svara hans ikkje blir avkorta.

Debeljak fortel at retten si avgjerd ikkje kom som ei overrasking på han. Dommen er tydeleg på at kroaten ikkje kan seiast å ha oppført seg aktlaust, slik bustyret har hevda.

– Eg var aldri i tvil om utfallet, fordi alt vi gjorde var i Kleven si interesse. Men eg er også trist fordi vi ikkje klarte å fullføre restruktureringa til fordel for Kleven, deira arbeidarar, Ulsteinvik, Norge, Kroatia og Div Group, skriv Debeljak.

Open for å investere på nytt i Norge
Div Group har tidlegare hatt god erfaring med å effektivisere ulike verft. Debeljak fortalde i retten at han såg ein «kjempeinteressant moglegheit» i Kleven Verft, som var flinke til å bygge skip.

Samtidig meinte kroaten at verftet var dårlege på kostnadskontroll – og at det var noko Div Group kunne bidra med.

På spørsmål frå NETT NO om han vil vurdere å investere igjen i Norge, svarar Debeljak slik:

– Kvifor ikkje? Viss det oppstår ein gunstig moglegheit, som vil skape nye verdiar for Norge og Kroatia. Vi er vande med hardt arbeid og hindringar under ein kvar restruktuering og integrasjon med Div Group.

Blei merksam på Kleven allereie i 2017
I retten fortalde Debeljak at han allereie i 2017 blei merksam på Ulsteinvik-verftet, som også då var i økonomisk trøbbel.

Kroaten fortalde samtidig at tilgangen til det norske finansieringssystemet og verkemiddelapparatet var eit av motiva for at han overtok Kleven-verftet i mars 2020.

I etterkant av konkursane, truga Div Group-eigaren med søksmål mot bankane, fordi han følte seg urettvist behandla.

– Vi er skipsbyggjarar som fokuserer på arbeidet vår, ikkje på gevinstar frå rettssaker, svarar han på spørsmål om det er aktuelt for han å gå til rettslege skritt i Kleven-saka i dag.

Tomislav debeljak div group kleven mars 2020 11
FØRSTE BESØK: Tomislav Debeljak på sitt første møte med norsk presse på Kleven-verftet i mars 2020. Foto: Marius Rosbach

– Blei fødd for å skape nye jobbar
Tidlegare er det anslått at det kroatiske konsernet tapte kring 100 millionar kroner på Kleven-eigarskapet. Debeljak vil ikkje stadfeste beløpet på direkte spørsmål.

I staden svarar han slik om tapa:

– Arbeidarane, Kleven, Ulsteinvik, Norge og Kroatia tapte mest på denne situasjonen. Min avdøde far lærte meg at alle er født til nokon, og eg blei fødd for å skape nye jobbar. Vi gjorde vårt beste for å lukkast, men tapte til slutt på dette punktet, skriv Debeljak.

Misnøgd med lokal verftsleiing
Tingretten i Bergen fekk høyre korleis faren til Debeljak starta familieselskapet som ei lita handverksforretning i familiens garasje, at han mista broren i ei trafikkulukke og tok over drifta i relativt ung alder.

48-åringen har ni barn og eig konsernet saman med mora og systera – som følgde rettssaka på første rad.

Både i forkant og under rettssaka har motsetningane mellom Debeljak og den lokale verftsleiinga kome til uttrykk. Kroaten var svært misnøgd med den økonomiske styringa på verftet etter at han kom inn som eigar våren 2020.

Han viser til denne situasjonen på spørsmål om det er noko å lære av Kleven-prosessen.

– Ja, som 90 prosent gjer når dei overtek eit selskap: Å med ein gong sette inn ei leiing ein har full tiltru til. Det kan vere farleg å stole på ei leiinga som har for mykje tillit til ukjente personar.

Konkursbeskyttelse i Kroatia
I rettssalen i Bergen snakka Debeljak med stoltheit om korleis Div Group i 2013, overtok Brodosplit-verfta etter at den kroatiske staten selte seg ut. Ingen hadde trua på at dei ville klare å snu om drifta, fortalde han.

Men då industrikonsernet kom inn som Kleven-eigarar i 2020, var dei eit selskap med solide ordrebøker og betydelege finansielle musklar.

Samtidig kom det fram at det kroatiske konsernet har fått konkursbeskyttelse i heimlandet. Årsaka skal vere at ein bankforbindelse er på Vesten si sanksjonsliste som følgje av Russland sin invasjon av Ukraina.

Publisert: 01.12.2023 12:02

Sist oppdatert: 01.12.2023 16:36

Mer om