Kort fortalt

Ny rettsrunde om Hurtigruten

Ankesak mellom Hurtigruten og Bodø startar i dag.

16.01.2017
(NPK-NTB):I dag startar ankesaka i Hurtigrutens søksmål mot Bodø hamn. Dersom reiarlaget vinn, kan det bli dyrt for fleire hamner.
Hurtigruten meiner dei har betalt for mykje i hamneavgift og har gått til sak mot Bodø hamn for å få tilbake fleire millionar, melder . To gonger i døgnet legg eit hurtigruteskip til i Bodø og ligg der i fire timar. Hamnevesenet fakturerer avgift for eit heilt døgn, noko reiarlaget meiner er urimeleg.
Mange andre hamner fakturerer etter same prinsipp. Prosjektleiar Stein Lillebo i Hurtigruten seier ingen ønskjer å forhandle og at selskapet derfor har gått til sak. I Salten tingrett vart Hurtigruten i fjor tilkjent tre millionar kroner. Det er anken etter denne saka som no skal behandlast i Hålogaland lagmannsrett.
Hurtigruten har retta krav mot fleire andre hamner: Det samla kravet er på 120 millionar kroner.
– Vi får sjå når dommen kjem, men med tanke på at veldig mange hamner viser til nettopp Bodø-saka som prinsipiell, så er dette ei sak som kjem til å få presedens for mange av dei andre hamnene, trur Lillebo.
Bodø kommune og hamn meiner på si side at deira avgiftsberekning er rett og juridisk haldbar, seier advokat Brynjar Østgård. (©NPK)

Publisert: 16.01.2017 11:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43