NPK-NTB: Bestillingane av kurs, konferansar og hotellrom for hausten er på eit historisk lågmål. Fleire hotellkjeder planlegg å stengje ned igjen.
– Vi er dessverre nøydde til å vurdere nedstenging av hotell igjen. For det ser ordentleg dystert ut no, seier toppsjefen i Thon Hotels, Morten Thorvaldsen, til Dagens Næringsliv.
– Bedrifter og organisasjonar tør ikkje samle folka sine. Dei er redde for koronasmitte. Det ser ordentleg dystert ut, seier han. Spesielt gjeld dette i Oslo.
Hotellkjeda Scandic melde onsdag at belegget i september i gjennomsnitt er venta å liggje på 30–35 prosent. Det er omtrent ei halvering av det som er normalt. Hotellkjeda varslar at ytterlegare reduksjon i personalkostnader vil bli gjennomført i Noreg og Danmark.
Tal frå selskapet Benchmarking Alliance, som samlar inn tal frå brorparten av hotella, viser at det kan gå mot ein halvering av rombelegget i Bergen dei siste fire månadene av året. Tala for Oslo er endå verre.

Publisert: 10.09.2020 07:59
Sist oppdatert: 07.04.2021 16:07