Kort fortalt

Ny smitterekord i Ålesund

Men berre fire på sjukehus i Møre og Romsdal.

Marius Rosbach
04.01.2022

Ålesund opplyser at talet på koronasmitta i kommunen held fram å auke. Difor blir den lokale forskrifta – som også Sula og Giske følgjer – vidareført til 14. januar, ifølgje ei melding tysdag.

Måndag registrerte kommunen 92 nye positive prøver, som er det høgste talet på dagssmitte under pandemien. Mange har testa seg i samband med julehøgtida, og i veke 52 blei det registrert 309 nye smittetilfeller, ifølgje ei oversikt frå kommunen.

Flesteparten av dei smitta i Ålesund-regionen er unge vaksne og det er omikron-varianten som no dominerer.

Det er no fire innlagt på sjukehus med koronasmitte i Møre og Romsdal, viser ei oversikt frå helseforetaket. Det er langt færre pasientar enn det var innlagt før jul – og om lag på same nivå som i fjor sommar.

Ifølgje FHI var det tysdag påvist 18.352 tilfelle av omikronvarianten i Noreg. Så langt denne veka er ingen pasientar innlagde med omikronvarianten.

Publisert: 04.01.2022 14:29

Sist oppdatert: 04.01.2022 14:34

Mer om